Upersonlege skattytarar som aksjeselskap, Norsk avdeling av utanlandsk føretak (NUF), verdipapirfond og bankar skal betala forskotsskatt. Forskotsskatten vert rekna ut på grunnlag av likningsopplysningar frå tidlegare år.
Verksemda mottar ein forskotsskattesetel i januar som viser kor mykje de skal betala. Dersom beløpet er under 2000 kroner, vert det ikkje skrive ut forskotsskatt.
Betala forskotsskatt
Betalingsgiro vert sendt til adressa verksemda er registrert med i Einingsregisteret. Forskotsskatten skal betalast i to terminar. Hovudregelen er at beløpet i kvar termin er lik halvparten av den sist utlikna skatten.
Dei to terminane har same forfallsdato kvart år: 15. februar og 15. april.
Sjølv om du ikkje har mottatt betalingsgiro, skal du likevel betala til forfall.
Betal til:
Kemnaren i Os kommune:
Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:
Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:
Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.
Vel skatteart forskotsskatt og det året forskotsskatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.
Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.
Dersom du betaler for seint
Dersom verksemda betaler for seint, må heile forskotsskatten betalast på ein gong. Forseinkingsrenter kjem i tillegg. Renter løper frå forfall og til betaling skjer.Dersom verksemda ikkje betaler, har Kemnaren plikt til å forsøka å få dekt kravet med tvang.
Verkemidla er:
Gebyr og/eller betalingsmerknader kan koma i tillegg.
Endra forskotsskatt
Dersom frådraga eller inntekta er endra eller forskotsskatten er feil, kan du søkja Skatteetaten om endring.
Tilleggsforskot
Dersom skatten vert større enn beløpet du har betalt i forskotsskatt, kan du betala tilleggsforskot før 31. mai. Då unngår du rentetillegg på restskatten.
Dersom du ikkje kan betala
Forskotsskatten skal betalast ved forfall. Dette gjeld sjølv om du har søkt om å få endra skatten, men ikkje fått svar. Utsetjing av betaling av skatt eller andre betalingsordningar, vert berre unntaksvis innvilga.
Les meir om betalingsvanskar