Klage på skatteoppgjeret

Dersom du meiner det er feil på skatteoppgjeret, til dømes feil skatteklasse, inntekt, formue, frådrag eller utrekning av skattar og avgifter, kan du klaga.

Skattekontoret (Skatt Vest) og Kemnaren i Os har ansvar for ulike område som gjeld skatten din.

Kontakt skattekontoret dersom:

  • Inntekt eller formue ikkje stemmer med notata dine eller koip av sjølvmeldinga.
  • Du har krav på særfrådrag eller andre fårdrag du ikkje har fått.
  • Du har spørsmål om skattebeløpet.

Klagefristen er 6 veker etter at du fekk skatteoppgjeret. Det kan vera mogleg å få endra likninga sjølv om klagefristen har utløpt. Skattekontoret vurderer om søknaden skal handsamast.

Klage på skatteoppgjeret (Skatteetaten)

Kontakt skattekontoret

Du har betalingsplikt

Sjølv om du klagar på likninga, må du betala restskatten ved forfall. Dette gjeld både privatpersonar og sleskap. Dersom du ikkje kan betala medan klagen blir handsama, må du søkja Kemnaren om betalingsutsetjing.

Sjølv om du har søkt om betalingsutsetjing, kan vi sikra kravet med pant eller motrekna det. Forseinkingsrenter løper frå forfall og til kravet er betalt.

Ta kontakt med Kemnaren i Os for spørsmål om betalingsutsetjing.

Kontakt Kemnaren dersom:

  • Beløpa for innbetalt forskotstrekk og forskotsskatt ikkje stemmer med oppgåvene dine.
  • Innbetalt tilleggsforskot ikkje går fram av skatteoppgjeret.
  • Det er gjort ei motrekning som du meiner er feil.
  • Rentene på skatteoppgjeret er feil.

Klage på manglande forskotstrekk

Dersom forskotstrekk som arbeidsgjevaren din har føretatt ikkje har kome med på sjølvmeldinga/skatteoppgjeret, må du klaga på avrekninga. Det same gjeld dersom du ikkje mottar løns- og trekkoppgåve frå arbeidsgjevaren din.

Klagefristen er 6 veker etter at du mottok skatteoppgjeret.
 

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 17.06.2016 12:30