Restskatt for upersonlege skattytarar

Når Skatteetaten har behandla sjølvmeldinga, får du eit skatteoppgjer. Då får du vite om verksemda får igjen pengar på skatten eller må betala restskatt. Restskatt betalast til Kemnaren.

Aksjeselskap (AS), Norsk avdeling av utenlandsk foretak (NUF), verdipapirfond og bankar er upersonlege skattytarar.

Betalingsfrist

Det er berre eitt forfall for betaling av restskatt for upersonlege skattytarar. Restskatten forfell til betaling tre veker etter at verksemda mottok skatteoppgjeret.

For å unngå renter på restskatten, kan du betala tilleggsforskot.

Betal til: 

Kemnaren i Os kommune:

  • Kontonummer: 6345.06.12431

  • IBAN: NO45 0612 431

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Tysnes kommune:

  • Kontonummer 6345.06.12237

  • IBAN: NO45 6345 0612 237

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Skatteoppkrevjaren i Austevoll kommune:

  • Kontonummer: 6345.07.12444

  • IBAN: NO77 6345 0712 444

  • BIC/SWIFT: NDEANOKK

Du kan få laga eit KID-nummer hos Skatteetaten.

Vel skatteart restskatt og det året skatten gjeld for. Dette er viktig for at betalinga skal registrerast rett.

Dersom du betaler frå eit utanlandsk kontonummer: Legg inn kontonummeret du skal betala til på Nordea Bank si nettside, og få generert IBAN-nummer og SWIFT-kode.

Dersom du betaler for seint

Dersom du betaler for seint, må du betala forseinkingsrenter i tillegg til restskatten. Renter løper frå betalingsfristen og heilt til du betaler.

Dersom du ikkje betaler

Du må betala sjølv om du er ueinig i kravet. Sjølv om du klagar på likninga, skal restskatten betalast ved forfall. Dersom du får medhald i klagen, vil du få pengane tilbake. Unntaket er dersom vi brukar tilgodebeløpet til motrekning.

Dersom du framleis ikkje betaler, har Kemnarkontoret plikt til å forsøka å få dekt kravet ved:

Gebyr og/eller betalingsmerknader kan koma i tillegg.

Dersom du ikkje kan betala

Betalingsvanskar

Klage 

Klage på skatteoppgjeret.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 02.05.2016 16:01

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00