Utleggsforretning

Dersom du ikkje har betalt det du skuldar av skatt og avgifter innan betalingsfristen, har Kemnaren plikt til å undersøkja om du har eigedelar som vi kan selja for å dekka kravet. Vi vil då halda ein utleggsforretning.

Ei utleggsforretning betyr at vi undersøkjer kva du eig og tar pant i eigedelane dine.

Varsel om utleggsforretning

Du mottar varsel om utleggsforretning i god tid, slik at du får moglegheit til å betala kravet. Tid og stad for utleggsforretninga står i varselet. Vi gjennomfører utlegget sjølv om du ikkje skulle vera til stades.

Dersom vi meiner at det kan bli vanskeleg å gjennomføra utleggsforretninga dersom vi varslar deg på førehand, kan vi halde utleggsforretninga utan å varsla deg fyrst. Då vil du få beskjed om utleggsforretninga etter at ho er gjennomført.

Pant i eigedelar

Vi tar vanlegvis pant i bankinnskot, bustad, bil, varelager eller driftstilbehøyr, men vi kan òg ta pant i alt du eller bedrifta eig som kan seljast. 

For privatpersonar tar vi ikkje pant i:

  • Klede, innbu og andre personlege ting, så lenge dei ikkje har veldig høg verdi.
  • Pengar til naudsynt livsopphald fram til neste utbetalte løn eller trygd.
  • Bil som er verd mindre enn 2/3 G dersom du treng den i jobb eller utdanning.

Du har plikt til å fortelja oss om alt du eig som det er mogleg å ta pant i.

Betalingsmerknad

Du får ein betalingsmerknad når utleggsforretninga er registrert i Lausøyreregisteret og Statens kartverk, sjølv om vi ikkje har funne noko å ta utlegg i. Dersom du betaler med ein gong du får varsel om tid og stad for utleggsforretninga, får du ikkje betalingsmerknad.

Dersom vi ikkje finn noko å ta pant i, blir merknaden ståande i tre år eller til du har betalt heile kravet som er omfatta av utleggsforretninga.

Dersom utleggsforretninga blir avslutta med at vi tar pant i egedelar, blir merknaden ståande til du har betalt heile kravet, inkludert påløpte renter og gebyr.

Når heile kravet er betalt, gjev vi beskjed til dei aktuelle registera. Betalingsmerknaden blir normalt sletta i løpet av ein til tre veker.

Ta kontakt med Lausøyreregisteret eller Statens kartverk dersom betalingsmerknaden ikkje er sletta når det har gått meir enn tre år sidan utleggsforretning utan pant eller dersom heile kravet er betalt. Kontakt oss dersom registeret ikkje har fått melding om at kravet er betalt eller dersom betalingsmerknaden gjeld utleggstrekk frå Kemnaren. 

Etter utleggsforretninga

Dersom vi har tatt pant i bankkontoen din, må du senda oss ei fullmakt slik at vi kan trekka det beløpet du skuldar. Bruk fullmaktsskjemaet du fekk tilsendt saman med utleggsforretninga. Om du ikkje returnerer fullmaktsskjemaet, vil vi senda saka til Namsmannen for anvising til innkrevjing. Då vil det påløpe gebyr som du må dekka, sjå informasjon under "Gebyr for utleggsforretning".

Dersom du ikkje betaler kravet, førebur vi sal av det vi har tatt pant i. Ved tvangssal/anvisning til innkrevjing vil saka bli sendt til tingretten, dersom ho gjeld fast eigedom. Dersom ho gjeld bankkonto, køyretøy eller andre eigedelar, vil saka bli sendt til ditt lokale lensmannskontor.

Det vil ta litt tid før tingretten startar salet av eigedelane dine. Ta kontakt med oss for å finne ei løysing før det er for seint.

Klage på utleggsforretning

Dersom vi har tatt pant i eigedelane dine, kan du klaga på utleggsforretninga, så lenge vi ikkje har bede tingretten om å selja dei. Du kan klaga på kva for eigedelar vi har valt å ta pant i. Ta kontakt med oss for meir informasjon.

Betala krav for å sleppa utleggsforretning

Du må betala det du skuldar pluss renter og omkostningar i god tid før utleggsforretninga blir halden. Betaler du etter at du har fått varsel om utleggsforretning, må du gje oss beskjed om at du har betalt.

Gebyr for utleggsforretning og tvangssal

Ved varsel om utleggsforretning må du betala eit gebyr på kr 1 742,- (per 1.1. 2016). I tillegg må du betala gebyr dersom saka må sendast til namsmannen/tingretten for anvisning til innkrevjing/tvangssal.
For meir informasjon, sjå "Beregning av rettsgebyr" på Politiets nettsider. I tillegg vil det påløpe omkostningar til medhjelpar dersom tvangssalet blir gjennomført.

Lovar

Varsel om utleggsforretning: Tvangsfullbyrdingslova § 4-18
Unntatt varsel om utleggsforretning: Tvangsfullbyrdingslova § 7-10
Rett til å ta utlegg ved pant: Tvangsfullbyrdingslova § 7-1
Kemnarens særnamsmannskompetanse: Skattebetalingslova § 14-3
Kva kan vi ta pant i? Dekningslova § 2-2
Klage på utlegg: Tvangsfullbyrdingslova § 5-16 og § 7-26

Kontakt

Kemnaren i Os kommune/ Skatteoppkrevjarane i Austevoll og Tysnes
Torggata 7 (Os rådhus), Postboks 84 5202 Os
Telefon: 56 57 50 00