Prosjektet Betre læringsresultat (BLR)

Formålet med prosjektet Betre læringsresultat er at barna i barnehagane og skulane våre skal kjenne seg anerkjente, trygge og oppleve meistring.

Dette gjer vi gjennom:

  • målretta fokus på tidleg innsats
  • styrking av den tilsette i barnehage og skule si rolle – fagleg og som gruppeleiar
  • forskingsbaserte mål og satsingar

Prosjektet Betre læringsresultat inkluderer tilsette i barnehage og ungdomsskule og representant frå foreldreutvalet.

Gjeld frå barnehage til og med ungdomsskule

Betre læringsresultat omfattar heile læringsløpet frå barnehage til og med ungdomsskule.

Oppretta prosjektet i 2012

Prosjekt Betre læringsresultat (BLR) er ein del av Kvalitetsplan for oppvekst og kultur og blei oppretta på politisk bestilling frå FrP/Høgre, vedtatt desember 2012.

Prosjektet har eit fem- til sjuårsperspektiv og tenesteutvalet får jamnlege rapportar om framgangen.

Filer

Sjå også presentasjonar og dokument som er knytt til prosjektet.