Barnehagemiljø og mobbing

Vi har nulltoleranse når det gjeld mobbing i barnehagane i Os kommune. Det er viktig at foreldre eller andre melder frå til barnehagen dersom dei opplever at barn fell utanfor fellesskapet eller er del av uheldige samspelsmønster. 

Kva gjer du dersom eit barn blir mobba?

  • Ta kontakt med barnehagen og be om eit møte med pedagogisk leiar eller styrar
  • Barnehagen kan ta kontakt med foreldra til den eller dei som mobbar barnet ditt.
  • Kom fram til tiltak i samarbeid med barnehagen.

Barnet mitt mobbar andre, kva gjer eg?

  • Gi klar beskjed om at du ikkje aksepterer mobbing.
  • Ta kontakt med barnehagen og be om eit møte med pedagogisk leiar eller styrar.
  • Barnehagen skal syte for at mobbing stoppar, og at både barn som blir mobba og mobbar får tett oppfølging.

Ta kontakt med Innsatsteamet ved spesielt krevjande saker

Os kommune har eit eige innsatsteam mot mobbing i barnehagar og skular
Innsatsteamet kan behandle saker der føresette og barn opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar tak i problema eller ikkje gjer nok.
Innsatsteamet kan òg hjelpe dersom barnehagen/skulen si leiing opplever at tilsette ikkje greier å løyse saka eller der dei ordinære tiltaka ikkje har hatt ønskt effekt. Barn og unge, føresette og tilsette kan ta kontakt med oss for å melde inn saker.

Kontakt

Per Olav Sørås
Per Olav Sørås
fagsjef barnehage og skule
Telefon: 56 57 50 72
Mobil: 916 54 094