Innsatsteam mot mobbing i barnehage og skule i Os

Innsatsteamet mot mobbing i barnehage og skule kan hjelpe barn/elevar, føresette, barnehagar og skular i spesielt krevjande saker der barn og unge opplever alvorlege krenkingar som mobbing, diskriminering og rasisme.

Kva gjer innsatsteamet?

Innsatsteamet kan behandle saker der føresette og barn opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar tak i problema eller ikkje gjer nok. Innsatsteamet kan òg hjelpe dersom barnehagen/skulen si leiing opplever at tilsette ikkje greier å løyse saka eller der dei ordinære tiltaka ikkje har hatt ønskt effekt.

Desse er med i innsatsteamet mot mobbing

  • Fagsjef for skule og barnehage Per Olav Sørås
  • Kommunepsykolog Sunniva Barmann Teige
  • Inspektør ved Os ungdomsskule Therese Johnsen
  • Lærar Steinar Haugland
  • Barnehagestyrar Tone Fjeldstad
  • Helsesøster Marita Måge

Kven kan melde frå?

Barn, føresette, barnehagar og skular kan melde saker direkte til innsatsteamet. Tilsette som har direkte kontakt med barna det gjeld, kan òg melde frå, dersom dei opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar ei mobbesak på alvor.

Slik melder du frå til innsatsteamet

Du kan sende e-post, SMS eller ringe til telefon 91 65 40 94.

Kontakt

Per Olav Sørås
Per Olav Sørås
fagsjef skule og barnehage
Telefon: 56 57 50 72
Mobil: 916 54 094