Fristar og framdrift for hovudopptak til barnehage 2019

Hovudopptaket går føre seg i tre rundar. Søkarar får tilbod om plass etter kvar runde.
Alle som har søkt innan fristen skal ha fått tilbod om plass eller informasjon om når dei eventuelt har rett på barnehageplass innan 31. mai 2019.

Fredag 15. februar:

  • Frist for føresette til å oppdatere søknaden om barnehageplass

 

Hovudopptak, første runde:
 

Fredag 1. mars:

  • SØKNADSFRIST FOR HOVUDOPPTAK TIL BARNEHAGEPLASS 2019.
     
  • Frist for barnehagane til å melde kor mange ledige plassar dei har til 1. runde av hovudopptaket.

Tysdag 5. mars

  • Os kommune sender framlegg til 1. runde av hovudopptaket til barnehagane for godkjenning.

Torsdag 7. mars

  • Kl. 10.00: Frist for barnehagane til å godkjenne 1. runde av hovudopptaket.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Hovudopptak, andre runde:
 

Måndag 18. mars     

  • Frist for barnehagane til å melde kor mange ledige plassar dei har til 2. runde av hovudopptaket. 

Onsdag 20. mars         

  • Os kommune sender framlegg til 2. runde av hovudopptaket til barnehagane for godkjenning.

Fredag 22. mars   

  • Kl. 10.00: Frist for barnehagane til å godkjenne 2. runde av hovudopptaket.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Hovudopptak, tredje runde:

 

Tysdag 9. april  

  • Frist for barnehagane til å melde kor mange ledige plassar dei har til 3. runde av hovudopptaket.

Onsdag 10. april          

  • Os kommune sender framlegg til 3. runde av hovudopptaket til barnehagane for godkjenning.         
  • Kl. 14.00: Frist for barnehagane til å godkjenne 3. runde av hovudopptaket.

Påskeferieveke 15. april til og med 22. april

Veke 18 (29. april - 3. mai):

Søkarar som ikkje har fått tilbod om barnehageplass i hovudopptaket får informasjon om rett til barnehageplass.