Spesialpedagogisk hjelp til barn i førskulealder

Dersom eit barn har spesielle behov, kan ho eller han trenge ekstra oppfølging og/eller spesialpedagogiske tiltak.

Desse barna blir prioriterte ved barnehageopptak.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er sakkunnig instans i spørsmål om behov for spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp.

Kva er spesialpedagogisk hjelp?

Spesialpedagogisk hjelp kan vere støtte og rettleiing innan:

  • Språk
  • Åtferd
  • Sosial samhandling
  • Forseinka utvikling 

Foreldre, barnehage og spesialpedagog/logoped frå PPT utarbeider saman ein individuell utviklingsplan for barnet.??

Hjelpa blir i hovudsak gitt i barnehagen av spesialpedagog eller logoped frå PPT. Pedagogen arbeider direkte med barnet, individuelt eller i mindre grupper, og gjev rettleiing til foreldre og tilsette.

Dersom barnet ikkje går i barnehage, kan PPT gje hjelp i heimen eller andre arenaer.

Tilbodet er gratis. Dei tilsette har teieplikt.

Slik søkjer du

Foreldra og barnehagen samarbeider ofte om å fylle ut søknaden om tilvising til PPT (PDF, 231 kB).
Dersom barnet ikkje går i barnehage, kan foreldra ta direkte kontakt med PPT-kontoret.

Kontakt

Ingrid Kristin Askvik
Ingrid Kristin Askvik
Leiar PPT
Telefon: 56 57 51 45
Mobil: 932 61 493