Pris og betaling for barnehageplass

Makspris for barnehageplass er 2655 kroner i månaden for full barnehageplass. Matpengar og liknande kjem i tillegg.

Sjå prisar for dei kommunale barnehagane: Os barnehage og Lysekloster barnehage.

For prisar i andre barnehagar, sjå heimesidene til den aktuelle barnehagen.

Søskenmoderasjon

Har du fleire enn eitt barn i barnehage, må du melde frå om dette til styrar i barnehagen for å få søskenmoderasjon. Søsken må bu i same husstand. 

  • Barn nummer to i barnehage utløyser 30 % reduksjon i foreldrebetalinga.
  • Barn nummer tre eller meir utløyser 50 % reduksjon i foreldrebetalinga.

Rett til reduksjon gjeld òg om søsken går i forskjellige barnehagar. Det yngste barnet utløyser søskenmoderasjon, og moderasjonen skal trekkast frå dette barnet sin faktura.

Rimelegare barnehage for dei som tener minst

Betalingsfri månad

Alle barnehagar har éin betalingsfri månad. Som regel er juli betalingsfri månad, men dette kan variere. Kontakt din barnehage eller sjå barnehagen sine vedtekter for meir informasjon.

Kontakt

Irene Ullensvang
Irene Ullensvang
Barnehagefagleg rådgjevar og barnehagemyndigheit
Telefon: 56 57 51 24
Mobil: 959 23 006