Slik seier du opp barnehageplass

Kommunale og private barnehagar har ulike reglar kring oppseiing. 

Kommunale barnehagar

Oppseiingstida er to månader, rekna frå den første i månaden etter at styrar har mottatt oppseiinga.
Dersom du seier opp etter 1. april, må du betale ut juni månad.

Bruk dette skjemaet for å seie opp (PDF, 41 kB) eller ta kontakt med styrar/einingsleiar i barnehagen. Oppseiinga må skje skriftleg.

Private barnehagar

Dei private barnehagane har eigne vedtekter som omhandlar oppseiing. Oppseiingstida varierer frå barnehage til barnehage.

Les kva som står om oppseiing i vedtektene til din barnehage eller ta kontakt med styrar/einingsleiar i barnehagen for meir informasjon. Oppseiinga må skje skriftleg.

Kontakt

Irene Ullensvang
Irene Ullensvang
Barnehagefagleg rådgjevar og barnehagemyndigheit
Telefon: 56 57 51 24
Mobil: 959 23 006
Bente Garvik
Bente Garvik
Konsulent
Telefon: 56 57 51 64