Søke, bytte eller seie opp barnehageplass

Slik søker du om barnehageplass


Frist for å legge inn ny søknad om barnehageplass for 2018/2019 er 1. mars.
Vi vurderer søknader med behovsdato til og med 30.11.18, jf. barnehagelova § 12a.

Sjå fristar og framdrift for hovudopptaket til barnehagar 2018

Har du alt ein søknad liggande inne? Då må du bekrefte denne innan 22. februar 2018. Dersom du ikkje bekrefter søknaden, vil han bli sletta. Bekreft eksisterande søknad ved å bruke knappen "endre søknad".

Søk her om barnehageplass/bekreft eksisterande søknad

Bruk det samme skjemaet om du vil søke om bytte av barnehageplass.

Slik seier du opp barnehageplass

Kommunale barnehagar

Oppseiingstida er to månader, rekna frå den første i månaden etter at styrar har mottatt oppseiinga.
Dersom du seier opp etter 1. april, må du betale ut juni månad.

Bruk dette skjemaet for å seie opp (PDF, 41 kB) eller ta kontakt med styrar/einingsleiar i barnehagen. Oppseiinga må skje skriftleg.

Private barnehagar

Dei private barnehagane har eigne vedtekter som omhandlar oppseiing. Oppseiingstida varierer frå barnehage til barnehage.

Les kva som står om oppseiing i vedtektene til din barnehage eller ta kontakt med styrar/einingsleiar i barnehagen for meir informasjon. Oppseiinga må skje skriftleg.

 

Sjå barnehagar med ledig plass.

 

Kontakt

Irene Ullensvang
Irene Ullensvang
barnehagefagleg rådgjevar
Telefon: 56 57 51 24
Mobil: 959 23 006