Søk om kommunal kontantstønad

Barn mellom to og tre år som ikkje nyttar barnehageplass, og som er busett i Os kommune, kan få kommunal kontantstønad på kr 6000,- i månaden. Føresette må sjølve søkje om kommunal kontantstønad.

Les dette før du søkjer

  • Dersom du vel å motta kontantstønad frå kommunen, kan ikkje barnet samstundes ha barnehageplass i perioden.

  • Du må melde frå dersom grunnlaget for kommunal kontantstønad fell vekk, til dømes ved at barnet flytter frå Os eller begynner i barnehage. Feilaktig utbetalt vert kravd tilbakebetalt.

Søk om kommunal kontantstønad (logg inn med ID-porten)

Kontakt

Irene Ullensvang
Irene Ullensvang
Barnehagefagleg rådgjevar og barnehagemyndigheit
Telefon: 56 57 51 24
Mobil: 959 23 006