Tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne

Kommunen skal sikre at barn med nedsett funksjonsevne får tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehagetilbodet.

Etter barnehagelova (§ 19g) kan føresette søke om individuell tilrettelegging for sitt barn. Dokumentasjon på dei særskilde behova til barnet må leggast ved søknaden.

Kommunen vurderer søknadane som kjem inn, og kan gjere vedtak om tilrettelegging. I søknadsbehandlinga kjem vi til å hente inn dokumentasjon frå andre instansar som er relevante for barnet.

Om kommunen vedtar å dele ut tilretteleggingstilskot til barnehagen der barnet har plass, er det barnehagen saman med føresette som disponerer midlane slik at barnet får tilfredsstillande utbytte av det ordinære barnehagetilbodet.

Kontakt Os kommune ved Ingrid K. Askvik for meir informasjon på 56 57 51 45.

Send søknad per e-post til postmottak@os-ho.kommune.no.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for haustsemesteret er 1. oktober.

Søknadsfrist for vårsemesteret er 1. mars.

Publisert av Erlend Astad Lorentzen. .

Kontakt

Ingrid Kristin Askvik
Ingrid Kristin Askvik
Leiar PPT
Telefon: 56 57 51 45
Mobil: 932 61 493