Kulturplan for skulane i Os

Alle elevar i Os-skulane skal få høve til utvikling av eigen identitet gjennom bruk av kunst og kultur. Gjennom møte med kunstnarar og kulturarbeidarar skal dei få hjelp til å utvikle og styrka si eiga skaparevne. 

Tiltaka i kulturplanen dekkjer alle klassestega og alle elevar på kvart steg.

Sjå alle tiltaka i kulturplanen for skulane (PDF, 6 MB)

Kulturplan for skulane er organisert av kultureininga i Os kommune, og har to hovudområde: 

  • Lokale tiltak i Den kulturelle skulesekken.
  • Samarbeid mellom skule/kyrkje. 

Dei fleste tiltaka og aktivitetane er knytt til Os og lokalmiljøet, og tek utgangspunkt i nasjonale og lokale læreplanar. Desse aktivitetane er finansiert via Den kulturelle skulesekken. 

Skulane får i tillegg tilbod frå Den kulturelle skulesekken i Hordaland