Skular i Os

Os kommune legg til grunn at barn skal gå på den grunnskulen som ligg nærast heimen eller den skulen i nærmiljøet dei soknar til. 

Kva for skule eit barn høyrer til blir avgjort med utgangspunkt i:

  • Kor barnet bur
  • Kapasitet ved skulen
  • Tilhøva på skulevegen
  • Kva for skule eventuelle sysken går på

Når det nærmar seg skulestart for 1. trinn, vil du motta eit brev om kva for skule ditt barn har fått plass ved. Om du ikkje er folkeregistrert med adresse i Os, må du sjølv ta kontakt med nærskulen.

Spørsmål om skuleplass 

Ta kontakt med skulen i nærområdet ditt, kontaktinformasjon til skular i Os.

Søknad om å bytte skule

Du kan søke om å få barnet ditt inn ved ein annan skule. Send søknad til den skulen barnet går på/er skriven inn ved. Ver merksam på at dersom byttet medfører at barnet treng skuleskyss, må foreldre sjølv betale for dette.

Skule Rektor SFO-leiar Telefonnummer E-postadresse
Halhjem barneskule Torgeir Hansen Skjælaaen Elin Søfteland Scheie 56 57 54 00 E-post
Hegglandsdalen barneskule Jarle Reppen Sigrun Mosaker 56 57 59 60 E-post
Kuventræ barneskule Olav Røttingen Tone A. Lund 56 30 31 60 E-post
Lunde barneskule Elin Skaatun Charlotte Reusch Sæle 56 57 59 80 E-post
Lysekloster barneskule Ole Lars Strønen Synnøve Ukvitne 56 57 52 15 E-post
Nore Neset barneskule Børge Lunde Bergitte Hope 56 57 58 50 E-post
Nore Neset ungdomsskule Øystein Holmaas (fung.) 56 57 58 00 E-post
Os barneskule Laila Aarbakke Camilla Hjelle Fløysand 56 57 53 63 E-post
Os ungdomsskule Kåre Lutro 56 57 59 00 E-post
Strøno barneskule Ann-Irene Brunvoll Jill Lepsøy 56 57 52 80 E-post
Søfteland barneskule Line Marie Aarbakke Ingerid Verpe Jacobsen 56 30 33 80 E-post
Søre Øyane barneskule Gunnhild Hansen Nini Ramsvik 56 57 59 70 E-post
Os vaksenopplæring Are Sæverudsø Lygre 56 57 52 95 E-post

Os kommune har ansvar for barne- og ungdomsskulane. Hordaland fylkeskommune har ansvar for vidaregåande skule/opplæring.