Skulehelsetenesta

Det kan vere godt å ha nokon å snakke med. Alle skulane i Os har skulehelseteneste med helsesøster, kor du kan få råd og rettleiing. Omfang av tilbodet varierer mellom skulane.

Kven kan ta kontakt med oss?

Alle elevar og deira foreldre kan ta kontakt med helsesøster ved skulen.

Kva kan skulehelsetenesta hjelpe deg med?

Hos oss kan du få råd og rettleiing, og nokon å snakke med. Dersom det er behov, kan vi hjelpe deg vidare i systemet. Du kan kome til oss med fysiske, psykiske eller sosiale problem. Vi har teieplikt. Besøk hos skulehelsetenesta gjev ikkje fråvær.Tilbodet er gratis.

Skulehelsetenesta set òg vaksiner.

Vi samarbeider med helsestasjon for ungdom

Tidspunkt og kontaktinformasjon

Helsesøster ved barne- og ungdomsskulane

Helsesøster ved dei vidaregåande skulane

Slik bestiller du time hos helsesøster

Send SMS, ring eller berre stikk innom.

Kontakt

Marita  Wallevik
Marita Wallevik
Leiar Førebyggande helsetenester
Telefon: 56 57 50 36
Mobil: 922 82 434