Skulemiljø og mobbing

Vi har nulltoleranse når det gjeld mobbing ved skulane i Os kommune. Det er viktig at du som blir mobba, foreldre eller andre, gir oss beskjed om mobbing.

Barnet mitt blir mobba, kva gjer eg?

  • Ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor.
  • Skulen kan ta kontakt med foreldra til den eller dei som mobbar barnet ditt.
  • Kom fram til tiltak i samarbeid med skulen.

Barnet mitt mobbar andre, kva gjer eg?

  • Gi klar beskjed om at du ikkje aksepterer mobbing.
  • Ta kontakt med skulen og be om eit møte med kontaktlærar og/eller rektor.
  • Skulen skal syte for at mobbing stoppar, og at både elevar som blir mobba og mobbar får tett oppfølging.
  • Du kan òg snakke med klassekontakt, rådgivar eller helsesøster.

Eg blir mobba, kva gjer eg?

Sei ifrå! For at mobbinga skal stanse, er det viktig å snakke om det og få hjelp. Sei ifrå til nokon du stolar på, til dømes:

  • Foreldre: Dei kan ta kontakt med skulen eller med foreldra til dei som mobbar deg.
  • Læraren og trenaren din: Dei har eit ansvar for å stanse mobbinga. Du kan òg snakke med rådgivar, helsesøster eller ein annan vaksen på skulen.
  • Politiet: Dersom mobbinga er alvorleg, som til dømes ved krenking på nett eller mobil, kan du seie ifrå til politiet. På politiet.no kan du tipse politiet om det som skjer med deg eller nokon du kjenner. Du kan òg melde saka til politiet.

slettmeg.no kan du få hjelp til å fjerne ting på nettet.

nullmobbing.no kan du få meir informasjon og hjelp

Ta kontakt med Innsatsteamet 

Os kommune har eit eige innsatsteam mot mobbing i barnehagar og skular.
Innsatsteamet kan behandle saker der føresette og barn opplever at barnehagen eller skulen ikkje tar tak i problema eller ikkje gjer nok.
Innsatsteamet kan òg hjelpe dersom barnehagen/skulen si leiing opplever at tilsette ikkje greier å løyse saka eller der dei ordinære tiltaka ikkje har hatt ønskt effekt.Barn og unge, føresette og tilsette kan ta kontakt med oss for å melde inn saker.

Kontakt

Per Olav Sørås
Per Olav Sørås
fagsjef barnehage og skule
Telefon: 56 57 50 72
Mobil: 916 54 094