Skule- og barnehagerute 2019/2020

Sjå informasjon om skuleruta for 2019/2020 under, eller opne ein PDF av skuleruta (PDF, 238 kB) 

Ver merksam på at enkelte skular kan vike frå den vedtatte skuleruta. Då skal skulen informere føresette i god tid.

Skulen har 3 utviklingsdagar før skulestart og 3 utviklingsdagar (elevfrie dagar) gjennom skuleåret. Desse er 8. november, 31. januar og 22. mai. Kommunale barnehagar har utviklingsdagar  14. august, 15. august, 16. august, 8. november, 31. januar, 22. mai

Ferieope SFO er 10 dagar før skulestart og 5 dagar etter skuleslutt. I tillegg kjem haustferie og vinterferie.

August

Måndag 19.: Første skuledag

Oktober

Måndag 7. – fredag 11.: Haustferie for skulane

November

Fredag 8.: Utviklingsdag skule og barnehage (elevfri, SFO og kommunale barnehagar stengde)

Desember

(Frå og med) Måndag 23. desember - 1. januar: Juleferie

Januar

Onsdag 1.: 1. nyttårsdag

Fredag 31.: Utviklingsdag skule og barnehage (elevfri, SFO og kommunale barnehagar stengde)

Februar

Måndag 24. – fredag 28.: Vinterferie for skulane. Ferie-SFO 24. - 28.

April

Måndag 6. –  måndag 13.: Påskeferie for skulane.

Mai

Fredag 1. : Arbeidaranes dag

Torsdag 21.: Kristi himmelfartsdag

Fredag 22.: Utviklingsdag skule og barnehage (elevfri, SFO og kommunale barnehagar stengde)

Juni

Måndag 1.: 2. pinsedag

Fredag 19.: Siste skuledag

Fredag 26.: Siste dag med Sommar-SFO