Skuleskyss

Hordaland fylkeskommune, ved Skyss, handterer skuleskyssen i Os kommune. Har du spørsmål kring skuleskyss, ta kontakt med skulen din.

Ordinær skuleskyss

Dersom det er lengre enn 4000 meter (2000 meter for 1. trinn) mellom heim og skule, har elevar i grunnskulen automatisk rett på gratis skuleskyss. 

Sjå Hordaland fylkeskommune sin ruteutreknar for å sjekke om du har rett på skuleskyss.

Kvar enkelt skule informerer om skuleskyss og busskort ved skulestart. Ta kontakt med skulen din for spørsmål. 

Skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg

Dersom eleven har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, kan de søkje om skuleskyss, sjølv om ikkje kriteria til ordinær skuleskyss er oppfylte.
Sjå kart (PDF, 2 MB) over kva for vegar som er rekna som særleg farlege eller vanskelege. 

Farlege eller vanskelege skulevegar i Os kommune er delt inn i raud og gul kategori:

  • Raud veg: Veg som er vurdert farleg for alle elevar 1.-7. trinn. Dersom eleven bur i eit område med raud skuleveg, vil han eller ho automatisk få fornya busskortet kvart skuleår.
     
  • Gul veg: Veg som er vurdert som vanskeleg, men ikkje farleg for alle elevar 1.-7. trinn. Eleven må søkje om busskort på nytt kvart skuleår.

Bur du i eit område kor skulevegen ikkje er markert med raudt eller gult, kan du likevel søkje om særsklit skuleskyss.

Søk om skuleskyss grunna særleg farleg eller vanskeleg skuleveg (e-post-skjema)

Skuleskyss til skulefritidsordning (SFO)

Elevane har som hovudregel rett på skyss til start- og sluttid for undervisninga, ikkje til SFO. Unntaket er elevar med funksjonshemming og skyss som ikkje fører til ekstra skyss eller meirkostnader for fylkeskommunen.
Elevar som har fått innvilga spesialpedagogisk opplæring i SFO, har rett på skyss til SFO. Føresetnaden er at det er spesialpedagogisk personell i SFO i samband med opplæringa, og at SFO-tilbodet er gratis.

Ta kontakt med skulen for å søkje om skuleskyss til SFO.

Skuleskyss for elevar som bur to stader

Dersom eleven bur tilnærma like mykje hos båe foreldra, og avstanden oppfyller krava til ordinær skuleskyss, kan eleven få gratis skuleskyss frå båe foreldra si adresse. Eleven har ikkje rett til fri skuleskyss i samband med vanleg samværsordning. Det må føreligge skriftleg dokumentasjon på at eleven bur tilnærma like mykje hos båe foreldre. Dersom eleven bur i to kommunar, er det kommunen kor skulen ligg som har ansvar for å organisera og betala skyssen.

Ta kontakt med skulen for å søkje om skuleskyss ved delt omsorg.

Fekk du ikkje svar på det du lurte på?

Sjå Hordaland fylkeskommune si handbok for grunnskuleskyss om du vil ha meir info om reglane for skuleskyss. Ta eventuelt kontakt med skulen din.