Utsett eller tidlegare skulestart

Du kan søke til kommunen om utsett eller tidlegare skulestart for ditt born. 

Kriterium og vilkår

Eleven har rett til utsett skulestart viss det etter sakkunnig vurdering frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er tvil om barnet har kome tilstrekkeleg langt i sin utvikling til å starte på skulen.

For å få tidlegare skulestart må barnet fylle fem år innan 1. april. Det må leggast fram ein sakkunnig vurdering frå PPT.

Om søknadsprosessen

Kontakt skuleeigar dersom du ønsker å få vurdert om barnet bør utsetje skulestarten: 

Fagsjef for barnehage og skule
Per Olav Sørås
Telefon: 56 57 50 72
pos@os-ho.kommune.no

Frist for søknad: 1. mars

Etter at PPT har skrive ei sakkunnig vurdering om dette, kan du sende ein begrunna søknad om utsett skulestart. PPTs sakkyndige vurdering må leggast ved.

§ 2-1 Rett og plikt til grunnskuleopplæring 


Barn og unge har plikt til grunnskuleopplæring og rett til ein offentleg grunnskuleopplæring i samsvar med denne  lova og tilhøyrande forskrifter. Plikten kan ivaretakast gjennom offentleg grunnskuleopplæring eller gjennom anna tilsvarande opplæring.

Retten til grunnskuleopplæring gjeld når det er sannsynleg at barent skal vere i Noreg i meir enn tre månader. Retten skal oppfyllast så raskt som mogleg og seinast innan ein månad. Plikta til grunnskuleopplæring byrjar når opphaldet har vart i tre månader. Plikta fell bort dersom eit opphald utanfor Noreg varar i meir enn tre månader. Departementet kan i særlege tilfelle frita elevar frå denne plikta.

Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte på skulen, har barnet rett til å utsetje skulestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skulestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skulen eitt år tidlegare når det innan 1.april er fylt 5 år.   

Retten og plikta til opplæring varar til eleven har fullført det tiande skuleåret. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykkje frå foreldra kan kommunen heilt eller delvis vedta å frita ein elev for opplæringsplikta dersom omsynet til eleven tilseier det.

Dersom ein elev utan å ha rett til det har fråvære frå den pliktige opplæringa, kan foreldra eller andre som har omsorg for eleven straffast med bøter dersom fråværet kjem av at dei har handla forsettleg eller aktlaust. Offentleg påtale blir ikkje reist utan når kommunen set fram krav om slik påtale.  

Kontakt

Per Olav Sørås
Per Olav Sørås
Fagsjef barnehage og skule
Telefon: 56 57 50 72
Mobil: 916 54 094