Skulefritidsordninga (SFO)

SFO er eit tilbod før og etter skuletid og i nokre skuleferiar.
Alle barneskulane i Os kommune har tilbod om SFO for barn i 1. til 4. årstrinn, og for barn med særskilde behov opp til 7. årstrinn.

Slik søkjer du

For å søkje SFO plass må du logge deg inn på portal for barnehage og SFO for Os kommune

Der finn du òg informasjon om tilbod, opningstider, betaling og oppseiing.

SFO tilbyr 100 % plass (frå kl. 07.30-16.30.), 80 %, 60 % eller 40 % av heil plass. Nokre skular tilbyr utvida tid. 07.00 -07.30
Det er òg mogleg å kjøpe enkeltdag.

SFO har hovudopptak i april for barna som startar på skulen i august, men du kan søkje om plass heile året.

Barnet har plassen i SFO til dei går ut av 4. klasse eller seier han opp. Barn med særskilde behov kan søkje om SFO-plass til og med 7. klasse.

SFO i skuleferiar

Skulefritidsordninga følgjer skuleruta. I feriar er SFO ved éin skule ope, slik at elevar ved dei andre skulane kan nytte dette tilbodet. Det er berre høve til å kjøpe heile veker.
Skulane har eiga påmelding til ferie-SFO. Betaling for ferie-SFO kjem i tillegg til betaling for vanleg SFO.

Pris

Prisar for skulefritidsordninga (SFO)
Faktura vert sendt ut kvar månad, med betalingsfrist i slutten av månaden.

Kontakt

Line Rye
Line Rye
kommunalsjef
Telefon: 56 57 50 08
Mobil: 406 24 411