Logoped til skulebarn

 Barn med uttale- og/eller språkvanskar kan få hjelp av logoped. 

Os kommune har logoped for elevar i grunnskulen, frå 1. til 10. klasse. Barn som treng logopedisk hjelp, får det i skuletida. Dei eldste elevane kan få hjelp etter skuletid, dersom dei ønskjer det.

Slik søkjer du

Søknad om logopedisk hjelp går vanlegvis via skulen. Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) og skulane har gode rutiner for samarbeidet. Samarbeid med foreldre blir avtalt i kvart enkelt tilfelle.

Dersom lege tilrår logopedisk behandling, kan foreldre ta direkte kontakt med logoped i Os kommune. Sjå kontaktinformasjon.

Kontakt

Ingrid Kristin Askvik
Ingrid Kristin Askvik
leiar
Telefon: 56 57 51 45
Mobil: 932 61 493