Spesialundervisning

Elevar som ikkje har eller kan få utbytte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett til spesialundervisning. 

Eg lurer på om barnet mitt treng spesialundervisning, kva gjer eg?

Ta fyrst kontakt med skulen barnet ditt tilhøyrer. Skulen må vurdere om eleven har tilfredsstillande utbyte av undervisninga, og forsøke ulike tilpassa tiltak.

Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, viser skulen til Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT). 

Årsak for å vise til PPT kan til dømes vere:

  • Mistanke om forseinka utvikling
  • Språk- og kommunikasjonsvanskar
  • Lærevanskar
  • Fagvanskar
  • Vanskar med konsentrasjon og merksemd
  • Åtferdsvanskar
  • Sosiale og emosjonelle vanskar
  • Funksjonshemming

PPT gjer deretter ei sakkunnig vurdering, utgreiing og tilråding. 
?Rektor fattar vedtak om spesialundervisning, basert på tilrådinga frå PPT.
Lærar utarbeider ein individuell opplæringsplan (IOP) for eleven og skriv halvårsrapport for undervisninga.

Oppfølging av spesialundervisninga ved skulane

PPT har møte med kvar enkelt skule i september kvart år.
Skulefagleg rådgjevar i Os kommune har årlege møte med kvar enkelt skule, kor vi drøftar kvart enkelt barn som får spesialundervisning og går gjennom individuelle opplæringsplanar og halvårsrapportar.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 04.11.2016 08:15

Kontakt

Ingrid Kristin Askvik
Ingrid Kristin Askvik
Leiar PPT
Telefon: 56 57 51 45
Mobil: 932 61 493