Informasjon om bustønad, startlån og tilskot

Dersom du ikkje får vanleg bustadlån eller har vanskar med å bli buande i bustaden din, kan du søke om låne- og støtteordningar.

Det er NAV i Os kommune som kan innvilge bustønad, startlån og bustadtilskot på vegne av Husbanken. Tilskota blir vidareformidla innanfor Husbanken sitt regelverk.

For informasjon vedrørande bustønad, ta kontakt med Monica Engelsen. Gjeld det startlån eller tilskot ta kontakt med Jeanette Olseth Strandenes. 

Bustønad


Har du lav inntekt og høge utgifter til bustad, kan du søkje om bustønad frå Husbanken. Øvre brutto inntektsgrense (før skatt) per månad:

Inntektsgrensene er oppdatert pr. 1.1.2018.

1 person 2 personar 3 personar 4 personar 5 personar 6 personar 7 personar 8 personar 9 personar 10 personar
17 539 20 134 22 862 25 691 28 542 30 580 32 619 34 658 36 969 38 735
20 032 22 858 25 748 28 819 31 908 34 187 36 660 38 745 41 024 43 304

(rad nr.2 er tal som gjeld for husstandar der ein eller fleire er unge uføre)

Les meir på Husbanken si heimesida. 

Startlån og tilskot

Formål og målgruppe

Formålet med startlån og tilskot til etablering er at det skal bidra til gode løysningar for personar som har langvarige problem med å finansiera ein eigd, nøktern og rimeleg bustad, via ordinære finansinstitusjonar.  Med langvarige problem meiner man cirka 5 år. Det er også ein føresetnad at ein har utnytta sparepotensialet sitt. 

For å vere i målgruppa er langvarighet og utnytting av sparepotensialet eit krav. Berre i særlege tilfelle kan ein gjere unntak frå dette.

Personar som kan vera i målgruppa er: 
Startlån og tilskot til etablering er for personar som ikkje får lån i vanleg bank til kjøp av bustad, og som heller ikkje har moglegheit for å spare.

Barnefamiliar
Du har barn og har økonomiske utfordringar med å skaffe ein eigna bustad 
Du har behov for å sikra ein trygg, god og stabil bustadsituasjon innan kort tid. 
Du har problem med å dekka utgifter til bustad, og refinansiering med startlån kan bidra til at familien din kan bli buande i bustaden.

Mottar trygd/offentlege ytingar
Du har lav, men stabil og sikkar inntekt, og får ikkje tilstrekkeleg lån i vanlege bankar. 
Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre naudsynte utgifter.

Bustadlånlåntakarar med gjelds-problem
Du har bustadgjeld og anna gjeld med høg rente og står i fare for å mista bustaden ved tvangssal. 
Du klarer ikkje å betene noverande gjeld, men kan dekka utgiftene og behalde bustaden dersom låna vert refinansiert med startlån.

Andre

  • Du har særlege sosiale eller helsemessige utfordringar, og manglar ein eigna bustad. 
  • Du har behov for å sikra ein trygg, god og stabil bustadsituasjon innan kort tid. 
  • Startlån til kjøp eller refinansiering er naudsynt for å kunne oppretthalde ditt arbeidsforhold. 
  • Du har høg nok inntekt til at du kan betene eit startlån i tillegg til andre nødvendige utgifter.
  • Unge i etableringsfasa er ikkje i målgruppa. Det er då ein føresetnad at du utnytter dine moglegheiter for å spara opp naudsynt eigenkapital og søkjer lån i vanleg bank (henta frå www.husbanken.no) 

Tilskot til etablering: Varig økonomiske vanskeligstilte husstandar kan søkje etableringstilskot, slik at dei saman med startlån, kan få moglegheit til å kjøpa seg, eller behalda, ein eigna og nøktern bustad. Tilskot til etablering er strengt behovsprøvd.
 
Tilskot til tilpassing: Dette tilskotet kan også gis til naudsynte tilpassingar i heimen på grunn av redusert funksjonsevne.

Vilkår

Manglande eigenkapital for å få lån i vanleg bank er i seg sjølv ikkje tilstrekkeleg for å få startlån. Det er eit krav at ein har undersøkt moglegheiter for fullfinansiering i bank, samt moglegheitene for om bankane kan gå med på samfinansiering med kommunen. 

  • Inntekta til husstanden må vera fast og stabil over tid. Dersom søkjaren/søkjarane er arbeidsfør må ein vera i tilnærma 100% jobb.
  • Bustaden må liggje i Os kommune og vera godkjend som heilårsbustad. Det er ein føresetnad at låntakar sjølv bur i bustaden. Dersom ein flyttar frå bustaden må lånet bli innfridd i sin heilhet.
  • Bustaden skal vere av rimeleg og nøktern stand. Det er eit krav at ein har spart opp til omkostningane som er på 2,5% av kjøpesum ved eit bustadkjøp.
  • Os kommune tilbyr flytande rente og annuitetslån over ei nedbetalingstid på inntil 30 år. I særlege tilfelle kan ein få nedbetalingstid på inntil 50 år.
  • Os kommune følgjer Husbanken sitt rentetilbod for flytande månadleg rente tillagt 0,25%. Rentetilbodet finn du her: https://husbanken.no/rente/. 
  • Os kommune følgjer også Husbanken si kalkulasjonsrente i vurdering av beteningsevne. Kalkulasjonsrenta finn du på Husbanken sine heimesider.

Korleis søkje om startlån og tilskot
Vi oppmodar til å søkje startlån og tilskot elektronisk på Husbanken sine heimesider. 

Du kan også søkje på papir ved å laste ned PDF frå Husbanken sine heimesider.

Papirsøknad sendast til:
NAV Os
Pb. 124
5202 Os

Det må leggjast ved dokumentasjon til søknaden som viser inntekter, faste utgifter, formue og gjeld, samt andre opplysningar om husstandens økonomiske og sosiale situasjon. Dersom det føreligg særlege bustadsosiale forhold som bør vurderast, må dette også dokumenterast. 

Sjå elles www.husbanken.no for meir informasjon. 

Kontakt

Monica Engelsen
Monica Engelsen
konsulent
Telefon: 53 04 53 85
Jeanette Olseth Strandenes
Jeanette Olseth Strandenes
Bustadkonsulent
Telefon: 53 04 54 10