Søk om kommunal bustad (NAV)

Du kan leiga kommunal bustad av Os kommune v/NAV dersom du oppfyller desse krava for tildeling av utleigebustad. (PDF, 32 kB)

Slik søkjer du

Fyll ut dette søknadsskjemaet for leige av kommunal bustad. (PDF, 84 kB)

Send søknaden til NAV Os, postboks 124, 5202 Os eller lever søknaden din på NAV-kontoret i Brugata. Hugs å behalda ein kopi av søknaden før du sender den til NAV.

Les dette før du søkjer

Du må legga ved følgjande dokumentasjon:

  • Løns - eller trygdeslipp for dei to siste månadene for alle personar i husstanden.
  • Dokumentasjon av eventuelle andre inntekter: til dømes barnebidrag, kontantstøtte, bustøtte, forsikringsutbetalingar, studielån, næringsinntekt.
  • Dokumentasjon på faste utgifter, til dømes husleige, barnepass/barnebidrag.
  • Dokumentasjon av gjeld: kopi av låneavtale og aktuelt terminbeløp.
  • Utskrift av sjølvmelding eller likning for alle i husstanden (ikkje likningsattest).
     
  • Dokumentasjon ved eventuell oppseiing av leigeforhold.
     
  • Viss du er utanlandsk statsborgar: legg ved ved kopi av pass og busettingsløyve (brev frå UDI).
  • Dokumentasjon på sosiale, helsemessige eller andre tilhøve som du meiner kan ha betydning for søknaden.
     
  • Du må vera fylt 18 år, og ha budd i Os kommune dei siste to åra. Vi kan gjera unntak dersom du har ei særleg tilknytning til Os kommune, og kan visa til eit stort behov for å bu i kommunen.
  • Du og dei andre i din husstand må ikkje ha inntekt, formue eller anna som gjer deg i stand til sjølv å skaffa eigna bustad. Ved behov for spesialtilpassa bustad, tildeler vi etter samla vurdering av inntekt og funksjonsevne.
  • NAV kan stilla krav om at du tek imot hjelpetiltak, slik som butrening, buoppfølgjing eller liknande. Dersom du har brote tidlegare husleigekontrakter, samarbeidsavtaler eller har gjeld til Os kommune, kan NAV avslå søknad om kommunal bustad.

Dersom krava over er oppfylde, vurderer og vektlegg vi følgjande: 

  • Du må vera utan eigna bustad eller dokumentera tvingande grunnar til å flytta frå noverande bustad.
  • Du har grunna helsmessige eller sosiale tilhøve behov for endring av noverande butilhøve.
Du får vanlegvis tildelt bustad med 3-årig husleigekontrakt. Når kontraktsperioden nærmar seg slutten, må du søkja på nytt. Dersom du framleis oppfyller krava for tildeling av kommunal bustad, vil du få tildelt bustad på nytt.

Skal du søkja om service-/omsorgsbustad for eldre, langtidsplass på sjukeheim eller liknande, kan du finna søknadsskjema her.

Kontakt

Kamilla Lyssand
Kamilla Lyssand
Sakshandsamar
Telefon: 53 04 04 90
Monica Engelsen
konsulent
Telefon: 53 04 53 85
Mobil: 909 27 391