Søk om bustønad, startlån og bustadtilskot

Dersom du ikkje får vanleg bustadlån eller har vanskar med å bli buande i bustaden din, kan du søke om låne- og støtteordningar.

Os kommune ved NAV innvilger startlån og bustadtilskot på vegne av Husbanken. Tilskota blir vidareformidla innanfor Husbanken sitt regelverk.

Bustønad

Bustønad er ei behovsprøvd støtteordning for deg som har låg inntekt og høge buutgifter. 

Sjekk om du kan få bustønad
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustønad, kva krav som gjeld for bustaden og kva inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøva kalkulatoren for bustønad.

Søk bustønad
Søknadsfristen for bustønad er den 25. i kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i månaden etter. Får du innvilga bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din overført til neste månad automatisk.

Meld frå om endringar
Du har plikt til å melda frå viss der er endringar i nokon av dei opplysningane du har gjeve i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt korrekte opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustønad
Viss du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klaga innan 3 veker etter at du mottok vedtaket.

Meir informasjon om bustønad
Du finn meir informasjon om bustønad på husbanken sine nettsider. Du kan og ta kontakt med oss i kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Startlån

Startlån kan vere ein inngang til bustadmarknaden for deg som ikkje får vanleg bustadlån eller som har vanskar med å bli buande i bustaden din. 
Les meir og søk om startlån på Husbanken sine nettsider

Bustadtilskot

Dersom du har låg inntekt, kan startlånet kombinerast med bustønad eller tilskot. 
Les meir og søk om tilskot på Husbanken sine nettsider.

Har du spørsmål?

Kontakt ansvarleg (sjå margen). Du kan òg sende søknad til NAV Os, postboks 124, 5202 Os.

Kontakt

Kamilla Lyssand
Kamilla Lyssand
Sakshandsamar
Telefon: 53 04 04 90
Mobil: 948 89 246
Signe Eide
Signe Eide
$(TITTEL)
Telefon: 55 55 33 33
Monica Engelsen
Monica Engelsen
saksbehandlar
Telefon: 55 55 33 33