Slik søker du gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling for barnehageplass

Les dette før du søker. Her finn du informasjon om kven som har rett til redusert foreldrebetaling og til gratis kjernetid i barnehagen, om korleis du går fram for å søke og kva opplysningar du må legge ved for at vi skal kunne behandle søknaden din.  


Kven kan søke om redusert foreldrebetaling i barnehagen?

 

Husstandar med samla brutto årsinntekt under kr 557 333 kan søke om redusert foreldrebetaling.
Du/de skal altså ikkje søke dersom husstanden si samla brutto årsinntekt overstig kr 557 333.


Kven har rett på gratis kjernetid? 


Alle tre-, fire- og femåringar i husstandar med inntekt under 548 500 kroner har rett på gratis kjernetid i barnehagen. Ordninga gjeld òg for barn med utsett skulestart. I august 2019 blir retten til gratis kjernetid  utvida til også å gjelde toåringar.

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet har heildagsplass, må du betale for opphald utover dei 20 timane.


Kva slags inntekt er med i berekninga?


Foreldrebetalinga i barnehagen skal bereknast ut frå husstanden si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.

  • Ein husstand er ektefellar, registrerte partnarar eller sambuarar.

  • Sambuarar er to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadane, eller har felles barn.

Dersom eit barn ikkje bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga bereknast ut frå inntekten i husstanden der barnet er folkeregistrert.


Føresette må sende søknad

  • Føresette som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i husstanden der barnet har si folkeregistrerte adresse.

  • Føresette må søke til den kommunen barnet er folkeregistrert i.

  • Føresette må legge ved siste skattemelding.

  • Dersom inntekta avvik frå skattemeldinga, må de vise det ved å legga ved lønsslipp for dei siste tre månadene.

  • Dersom de ikkje kan legge fram skattemelding, må de legge ved annan dokumentasjon, til dømes lønsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV. Vi kan ikkje behandle søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon.


Når gjeld vedtaket frå?


Vedtak om redusert foreldrebetaling gjeld frå den første månaden etter at Os kommune mottar søknaden og ut barnehageåret (juni). Vedtak frå august gjeld altså til og med juni året etter.

Du/de må søke på nytt for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for husstanden si samla inntekt. Vi tilrår at de søkjer for neste barnehageår innan 15. mai. 

Du/de kan søke i løpet av barnehageåret dersom det er store og varige endringar i inntekta, til dømes på grunn av langtidsarbeidsløyse, samlivsbrot eller anna.

 

Send søknad om gratis kjernetid i barnehagen


Send søknad om redusert foreldrebetaling


Les meir om foreldrebetaling (Utdanningsdirektoratet)

Kontakt

Siri Lise Mundal
konsulent
Mobil: 908 28 782
Siri  Rådmannsøy
Siri Rådmannsøy
Sakshandsamar NAV Os
Mobil: 412 93 537