Slik søker du om gratis kjernetid i barnehagen

Alle tre-, fire- og femåringar i husstandar med inntekt under 417.000 kroner har rett på gratis kjernetid i barnehagen. Ordninga gjeld òg for barn med utsett skulestart.

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald i veka i barnehagen. Dersom barnet har heildagsplass, må du betale for opphald utover dei 20 timane.

Les meir om foreldrebetaling (Utdanningsdirektoratet) 

Les dette før du søker:

  • Føresette må sjølv søke om gratis kjernetid. Dette skjer ikkje automatisk.
  • Send søknad om gratis kjernetid så snart som mogleg etter at de har fått barnehageplass.
  • Føresette som søker må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Dersom barnet bur fast hos begge foreldra, legg vi til grunn inntekta i husstanden der barnet har si folkeregistrerte adresse.
  • Føresette må søke til den kommunen barnet er folkeregistrert i.
  • Føresette må legge ved siste sjølvmelding, for å vise at husstanden si samla inntekt oppfyller kravet til gratis kjernetid. Dersom de har skattepliktig person- og kapitalinntekt som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga, er de pliktige til å opplyse om dette.
  • Dersom de ikkje kan legge fram sjølvmelding, må annan dokumentasjon leggast fram, til dømes lønsslipp frå arbeidsgjevar eller inntekt frå NAV. Søknader utan tilstrekkeleg dokumentasjon, vil ikkje bli behandla.

Søk om gratis kjernetid i barnehagen

Kontakt

Siri  Rådmannsøy
Siri Rådmannsøy
Sakshandsamar NAV Os
Telefon: 53 04 54 17