Ungdomskontakten

 Råd og hjelp på veg inn i vaksenlivet.

Kven er tilbodet for?

Ungdomskontakten er eit tilbod til deg mellom 18 og 25 år som ikkje er i jobb eller er student - eller som av andre grunnar synest kvardagen kan vere vanskeleg å meistre.

Målet med tilbodet er at du skal få auka livskvalitet gjennom arbeid, skule/utdanning og andre aktivitetar.

Vi har teieplikt og tilbodet er gratis.

Dette kan vi hjelpe deg med

  • Å legge ein plan saman med deg, tilpassa evnene og ønska dine.
  • Hjelp til sjølvhjelp.
  • Oppfølging der du er.
  • Enkel økonomisk rådgiving.

Slik tar du kontakt

Ring ungdomskontakt Per Gunnar Lunde Oseng på telefon 414 11 540 eller snakk med rettleiaren din hos NAV. Du kan òg ringe NAV på 55 55 33 33 (kl. 10-14, måndag - fredag).