Ny tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar

Frå 1. oktober er kr. 1000,- per båt gjeldande tilskotsordning for kasserte fritidsbåtar. Denne vert innvilga etter søknad til Miljødirektoratet. Direktoratet står også for utbetalinga.

 

 

Kva kan du levere?

Alle små fritidsbåtar kan leverast til næraste mottak frå 1. oktober 2017. Med små båtar meinast båtar med skroglengde under 15 fot (4,57 meter) og utan innanbords motor. Kajakker, kanoar og lignande farkostar kan òg leverast til mottaka.

Mottak

Dei næraste leveringsstadane for små fritidsbåtar kring Os kommune er Sund, Espehaugen, Fusa, Møllendalsveien og Samnanger gjenvinningsstasjon. Sjå opningstider på bir.no.

Slik søkjer du

Du må ha med deg skjema når du leverer båten til mottaket. Dette fungerer som ei stadfesting på at du har levert båten. Mangelfulle skjema vert ikkje handsama.

Skjemaet finn du på Miljødirektoratet sin nettstad.

Skjemaet vert fylt ut og sendt til Miljødirektoratet.

Skjemaet må sendast mellom 1. januar og 1. desember det året du kasserte båten.