Dårleg vasstrykk

Vasstrykket skal vere minst 2 bar ved tilknytningspunktet mellom dei kommunale vassleidningane og vassleidningen inn til huset ditt.

Os kommune ved Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av dei offentlege hovudvassleidningane. 

Opplever du plutseleg trykkendring?

Har vasstrykket plutseleg endra seg utan at du har mottatt varsel frå oss? Årsaka kan vere eit leidningsbrot eller lekkasje ein stad i leidningsnettet. Då vil vi gjerne ha beskjed.

Ring teknisk vakttelefon på 982 34 440.

Har trykket vore dårleg over tid?

Vasstrykket skal vere minst 2 bar ved tilknytningspunktet på den kommunale vassleidningen. Dersom vasstrykket har vore dårleg i ein lengre periode og årsaka ikkje er manglande trykk i den kommunale leidningen, kan det vere lekkasje i din eigen private stikkleidning. Det kan òg vere at trykket fell fordi bustaden ligg høgt til. I slike tilfelle er det huseigars ansvar og val å eventuelt montere ei pumpe for å betre trykket.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 19.10.2016 13:07