Kart over parkeringssoner i Os sentrum

Kart parkeringplasser Os sentrum 2016 - Klikk for stort bilete Det er gratis for besøkande å parkere i Os, men du må følgje parkeringsreglane. 

Os Park handhevar parkeringsreglane i kommunen.

Klikk på kartet for større bilete.

Her parkerer du i Os sentrum

Besøkande til Os sentrum parkerer gratis på oppmerka plassar, sjå kartet over.
Tidsavgrensinga er markert med eit parkeringsskivesymbol på underskilt til parkeringsskiltet.
Parkering i desse sonene er berre lovleg dersom du har markert tidspunktet for når du parkerte, anten ved hjelp av ei parkeringsskive eller ved å skrive klokkeslettet på ein lapp, og lagt dei godt synleg i frontruta.

Rørslehemma med parkeringskort kan parkere utover maksimal parkeringstid dersom parkeringskortet for rørslehemma er godt synleg i frontruta.

Når parkeringstida går ut, må køyretøyet fjernast frå parkeringsplassen. Gebyr for brot på parkeringsreglane er kr 500,-

Slik brukar du parkeringsskiva

Still inn klokkeslettet for når du parkerte på parkeringsskiva, og legg ho godt synleg i frontruta. Dersom du ikkje har parkeringsskive, kan du skrive klokkeslettet på ein lapp.

Du får gratis parkeringsskiver i butikkane i Os sentrum og i Kommunetorget på Os rådhus.

Kontakt

Elisabeth Thomassen
Elisabeth Thomassen
Parkeringsvert
Telefon: 56 57 51 58
Mobil: 970 00 080