Klage på parkeringsgebyr og borttauing

Bileigar eller bilførar har rett til å klage på parkeringsgebyr, tilleggsavgift eller borttauing, dersom du meiner ilegginga er feil. Det er òg mogleg å søkje om ettergjeving av "særlege grunnar". Sjå parkeringsforskrifta § 19

Slik klagar du

  • Klage må skje skriftleg
  • Hugs klagefristen på tre veker etter ilegginga
  • Hugs å grunngje klagen. Legg ved dokumentasjon
  • Hugs å betale gebyret innan tre veker, sjølv om du klagar. Dersom klaga fører fram, får du tilbakebetalt beløpet 

Skjema for klage på parkeringsgebyr og borttauing

Døme på klager som kan føre fram

  • Ved av- eller pålessing, av- eller påstiging. Gjeld ikkje der det er stanseforbod
  • Køyretøyet var stole, og tjuveriet meldt til politiet
  • Motorhavari
  • Køyretøyet var registrert på annan eigar ved tidspunkt for ilegginga

Døme på klager som ikkje fører fram

  • Bilførar trudde bilen var lovleg parkert
  • Bilførar var ikkje merksam
  • Det var ingen andre stader å parkere
  • Stansen varte berre i kort tid
  • Køyretøyet sto ikkje i vegen for nokon
  • Køyretøyet var lånt bort til nokon som ikkje vil betale

Borttauing

Os Park kan rekvirere inntauing av feilparkerte bilar med heimel i vegtrafikklova § 37

Det kan vere ulike grunnar til at bilar blir taua bort:

  • Forsøpling av miljøet
  • Uregistrert køyretøy har stått parkert på offentleg gate/område meir enn 14 dagar
  • Køyretøyet er til hinder for brannbilar, politibilar, ambulanse, brøyte- og bossbilar og liknande
  • Parkering på privat eigedom, og eigaren krev køyretøyet fjerna
  • Parkering til hinder eller fare for annan ferdsel, gåande, syklande eller køyrande

Pris for borttauing

  • Parkeringsgebyr kr 500,- 
  • Tilleggsavgift kr 300,-
  • Borttauing kr 1800,-
  • Frammøte frå borttauingsselskapet kr 900,-
  • Døgnleige hos borttauingsselskapet kjem i tillegg

Prisane er inkludert meirverdiavgift.

Køyretøy som er tatt i forvaring, står for eigars rekning og risiko.