Parkering for bebuarar og næringsdrivande i Os sentrum

Bebuarar og næringsdrivande kan leige parkeringsplass i sentrum. For å få parkeringskort, må du sende søknad til kommunen.

Parkering for bebuarar

  • For å få bebuarparkering, må du ha registrert bustadsadresse i sentrum
  • Bebuarparkeringskortet gjev ikkje fast parkeringsplass
  • Tapt kort blir ikkje refundert
  • Nytt kort blir utlevert når du leverer inn det gamle
  • Eitt kort per husstand

Parkeringsprisar for bebuarar

6 månader kr 1500,-
12 månader kr 3000,-

Alle leigeplassar for bebuarar er i tre-timarssona ved Kyrkjetunet.

Søk om parkeringskort for bebuar

Parkering for næringsdrivande

Kommunen oppmodar næringsdrivande om å kontakte private grunneigarar for leige av parkeringsareal, men kan skrive ut sonekort til næringsdrivande som har dokumentert behov for servicebil. Behovet blir vurdert ut frå søknaden.

  • Maksimum to bilar per næringsverksemd
  • Bilane kan ikkje stå parkert i sentrum samstundes

Parkeringsprisar for næringsdrivande

12 månader kr 4 800,-
Vekekort kr 300,-
Dagskort kr 80,-

Alle leigeplassar for næringsdrivande er i tre-timarssonene ved Kyrkjetunet og gjestebrygga.

Søk om parkeringskort for næringsdrivande

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 04.11.2016 12:10