Uregistrerte køyretøy

Eit uregistrert køyretøy kan stå parkert på offentleg veg eller parkeringsplass i maksimalt 14 dagar, sjølv om køyretøyet eventuelt vert flytta frå ei gate til ei anna. Det er ikkje mogleg å søkje forlenging ut over dette.

Dersom du har behov for oppbevaring av uregistrert køyretøy utover 14 dagar, må du ordne med privat parkeringsplass.

Vil du melde frå om eit uregistrert køyretøy på offentleg veg eller parkeringsplass?
Ta kontakt med Os Park eller politiet.
Vi treng følgjande opplysningar:

  • Nøyaktig stad der køyretøyet er parkert
  • Bilmerke og -farge
  • Eventuelt tidlegare kjennemerke eller prøvekjennemerke
  • Eventuelt namn på eigar, dersom dette er kjent
  • Andre relevante opplysningar
  • Ditt namn, adresse, telefonnummer og e-postadresse

Alle meldingar blir registrerte og alle køyretøy vil bli fjerna.

Etter melding, føretek Os Park synfaring av køyretøyet og parkeringa. Etter at køyretøyet er registrert parkert over 14 dagar, legg vi varsel på køyretøyet med frist for fjerning. Om denne fristen ikkje blir overhalden, tar vi kontakt med borttauingsselskap for å fjerne køyretøyet.

Ver merksam på at det kan ta tid før køyretøyet blir fjerna, avhengig av tilstanden og kor det er parkert. Fjerning av køyretøy som er til skade for omgjevnadene, som hindrar utrykkingskøyretøy eller skaper trafikkfarlege situasjonar, vil bli prioritert.

 

 

Kontakt

Elisabeth Thomassen
Elisabeth Thomassen
Parkeringsvert
Telefon: 56 57 51 58
Mobil: 970 00 080