Publisert 03.12.2019

Borgavegen vert stengt torsdag 5. desember frå kl. 17:00 – 00:00.

Vegen vert stengt i krysset Borgavegen/Hjellevegen ved Hjellevegen nr. 1A.

Gåande og syklande kan passere.

 

Det er Os kommune som skal utføre arbeid med nedsetting av ny vasskum.

 

Kontaktperson på prosjektavdelinga er Odd-Helge Henriksen, tlf. 905 77 430 

 

Publisert 02.12.2019

Vassleidningsbrotet i Orrebakken er no utbetra, du kan trygt drikke og bruke vatnet.Er vatnet misfarga, la det renne til vatnet er klart før bruk av vaskemaskin og liknande.

Mvh. Os kommune

 


 

Publisert 18.11.2019

 Grunna arbeid, vil det bli stengt vatn i deler av Lepsøyvegen, tirsdag den 19.november, frå kl 09:00 til kl 17:00 eller til arbeidet er ferdig.

Publisert 15.11.2019

Grunna arbeid i krysset mellom Midtskogvegen og Kolabakkane vil vegen vere stengt tysdag 19. og onsdag 20. november, begge dagar frå kl. 08.00 til kl. 19.00 (ev. til arbeida er ferdig).

Omkøyring er via Stegen.

Dersom nokon mister tilkomst til eigedomane sine er det mogleg å parkere langs Midtskogvegen eller på lagerplassen til Bjørn Moberg. Det vil vere mogleg å passere til fots.

Ved spørsmål, ta kontakt med Lene J. Nordstrønen, tlf. 926 18 934. 

 

Publisert 15.11.2019

Grunna arbeid i Kolabakkane vert det stopp i vassforsyninga til deler av Midtskogvegen, Stegen, St. Hanshaugvegen og Mobergsbakken tysdag 19. og onsdag 20. november, begge dagar frå kl. 08.00 til kl. 19.00 (ev. til arbeida er ferdig).

Det vil vere redusert vasstrykk frå arbeida er ferdig tysdag kveld til arbeida startar opp at onsdag morgon.
Ikkje bruk vaskemaskiner eller anna utstyr som treng vatn. Tapp med kaldt vatn etterpå.

Ved spørsmål, ta kontakt med Lene J. Nordstrønen, tlf. 926 18 934. 

 

 

Publisert 15.11.2019

Det vert stopp i vassforsyninga til Industrivegen 105, Kolskogheiane 12, Os vgs og Roklubben:
 Måndag 18. november frå kl. 16:00-21:00 (evt. til arbeida er ferdig).

Ikkje bruk vaskemaskiner eller anna utstyr som treng vatn.

Spørsmål? Kontakt Os kommune v/Siril Langhelle, tlf. 99 25 04 38

Publisert 13.11.2019

Grunna testing, kan det bli driftsforstyrrelser med redusert trykk i områda frå Askvik til Nore Neset og Grindavoll/Thuen, frå torsdag den 14. november kl 23:00 til fredag den 15.november kl 06:00.Høgareliggande eiendommer er mest utsatt.

Publisert 11.11.2019

 Grunna arbeid, vil det bli stengt vatn innanfor avmerka område, tirsdag den 12.november, frå kl 09:00 til kl12:00 eller til arbeidet er ferdig.

Publisert 07.11.2019

 Grunna arbeid, vil vatnet bli stengt i deler av Edne fredag den 8. november, frå kl 08:00 til kl 15:00, eller til arbeidet er ferdig. Vasstank blir plassert ved Lysekloster barneskule.

Publisert 06.11.2019

 Vi har eit akutt problem i Skorvane og har stengt av vatnet. Vi regner med at vatnet skal vere tilbake til omlag kl 14:30.