Slik tar du vassprøver

Framgangsmåten avheng av om du har privat brønn eller om du får vatn frå det kommunale vassnettet.

Har du ei privat vasskjelde?

Dersom du får drikkevatnet ditt frå ei privat vasskjelde, som brønn eller borehol, kan du ta vassprøver sjølv. 
Du får prøveflasker og instruksjonar om korleis du skal utføre prøvetakinga i Kommunetorget på rådhuset.

Du må fylle ut dette skjemaet som skal følgje vassprøva. Her finn du òg instruksjonar om korleis du skal utføre prøvetakinga. (DOCX, 85 kB)
Lever prøva i Kommunetorget før tysdag klokka 9, så sender vi vassprøvene til Bergen Vann sitt laboratorium i Bergen.
 

Er du kopla til det kommunale vassnettet?

Dersom du er kopla til det kommunale vassnettet, må du ta kontakt med oss for å ta prøver av drikkevatnet. Send ein e-post til tekniskdrift@os-ho.kommune.no. Vi sender då ein kvalifisert prøvetakar.
På denne måten er både du, vi og laboratoriet sikre på at prøvetakinga er rett utført og at prøva er representativ.

Vassprøver som er tatt frå det kommunale vassnettet av ikkje-kvalifiserte personar, vil ikkje bli analyserte.

Pris og svartid

Pris og kor lang tid det tar før du får svar på prøvene, varierer i høve til kva som skal analyserast. Ta kontakt med Bergen Vann sitt laboratorium for meir informasjon.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 18.04.2016 09:54

Kontakt

Marianne Røtnes Kramer
Marianne Røtnes Kramer
$(TITTEL)
Telefon: 56 57 53 20
Mobil: 920 93 504