Vasskvalitet i Os kommune

Vi tar hyppige prøver av drikkevatnet i Os kommune.

Kor hardt er vatnet i Os?

Når vi snakkar om hardt eller blautt vatn, snakkar vi i hovudsak om innhaldet av kalsium.  I Os har vi neste ikkje kalsium i vatnet, og det betyr at vi har svært blautt vatn.

I motsetnad til vatnet vårt, legg hardt vatn att eit kalkbelegg i til dømes glas og kaffitraktarar. Dette har du gjerne lagt merke til i andre europeiske land.

Drikkevatnet kjem frå Krokavatnet, Steindalsvatnet og Søvikvatnet, og blir ført i røyr til eitt av våre to vassbehandlingsanlegg: Os VBA og Søvik VBA.

Siste utførte målingar av kalsiuminnhaldet i vatnet i Os viste at vatnet frå Os VBA har mellom 1 og 2 mg kalsium per liter. Vatnet frå Søvik VBA har om lag 4 mg kalsium per liter. Målinga blei utført i 2015.

 

Månadlege prøveresultat frå Os kommune:

2017

Vasskvalitet i januar 2017 (PDF, 203 kB)

 

2016

Vasskvalitet januar 2016 (PDF, 79 kB)

Vasskvalitet februar 2016 (PDF, 78 kB)

Vasskvalitet mars 2016 (XLSX, 13 kB)

Vasskvalitet april 2016 (XLSX, 15 kB)

Vasskvalitet mai 2016 (XLSX, 15 kB)

Vasskvalitet juni 2016 (PDF, 203 kB)

Vasskvalitet juli 2016 (PDF, 201 kB)

Vasskvalitet august 2016 (PDF, 208 kB)

Vasskvalitet september 2016 (PDF, 204 kB)

Vasskvalitet oktober 2016 (PDF, 203 kB)

Vasskvalitet november 2016 (PDF, 206 kB)

Vasskvalitet desember 2016 (PDF, 200 kB)

2015

Sjå prøveresultat for 2015