Søk graveløyve og arbeidsvarsling

Skal du grave eller utføre anna arbeid på eller i nærleiken av kommunale vegar i Os? Hugs at du må søkje om graveløyve og/eller arbeidsvarsling fyrst.

Slik går du fram 

Les denne rettleiaren før du søkjer graveløyve eller arbeidsvarsling i Os kommune. (PDF, 987 kB)

Retningslinene og søknadsskjema er laga på grunnlag av veglova § 32 med tilhøyrande forskrifter. Lova gjeld over, under eller langs offentleg veg, og innanfor tre meter frå vegkant.

Heile Statens vegvesen si handbok N301 "Arbeid på og ved veg" med tilpasningar er gjeldande for kommunale vegar i Os.

For å søkje, treng du vegreferansen til den aktuelle vegen.
Vegreferansen finn du ved å klikke på vegen der arbeidet startar og sluttar i dette kartet. 

Søknadsskjema

Søknadsskjema graveløyve

Søknadsskjema arbeidsvarsling (XLSX, 166 kB)


Send søknad til postmottak@os-ho.kommune.no

Mangelfulle søknader blir returnerte. Det same gjeld søknader som ikkje er godt nok utarbeida, som til dømes viser manglande forståing av risiko og/eller planlagte varslings- og sikringstiltak som ikkje samsvarer med risiko.