Her finn du tappepunkt for vatn

Os kommune har no etablert tre tappepunkt for større vassuttak. Desse tappepunkta skal gjere det enkelt og sikkert å ta ut vatn frå lediningsnettet.

Klikk for stort bileteVannpostane er plasserte på Gåsakilen pumpestasjon ved Storestraumen og på Ådnadalen pumpestasjon, ved Ulvenvegen 340.  I tillegg kan du hente ut vatn frå vasspost ved pumpestasjonen på Halhjem fergekai.

Vi tillet ikkje uttak frå brannhydrantar. Hydrantane har no fått spesiallås, slik at dei berre er tilgjengelege for brannvesenet og teknisk personell i kommunen.

Gammalt tappepunkt i Industrivegen ved SIBI er ikkje lenger i drift.

Vi har klargjort for eit tappepunkt ved Vallebrua i Hegglandsdalen, men dette er førebels ikkje i drift. 

Kontakt

Teknisk vakt
Os kommune
Mobil: 982 34 440