Tømming av septiktank/slamavskiljar

Septik24 tømmer private septiktankar/slamavskiljarar på vegne av Os kommune.

Kva er ditt ansvar som huseigar?

Dersom du har ein privat septiktank/slamavskiljar, har du ansvar for å halde anlegget i orden, jf. plan- og bygningslova. Dersom anlegget forureiner, har du som eigar plikt til å rydde opp. Kontroller slamavskiljaren og avrenningsrøyret med jamne mellomrom, slik at du unngår forureing eller oppsamling av kloakk inne i huset.

Kva er Os kommune sitt ansvar?

Os kommune er forureiningsmyndigheit  for mindre avløpsanlegg. Det vil seie at vi godkjenner og fører tilsyn med slamavskiljarar/septiktank. Vi kan når som helst ha tilsyn eller kontroll.
Septik24, som tømmer slamavskiljarar/septiktankar på vegne av Os kommune, følger opp at tømminga skjer med faste mellomrom. Dei gir beskjed nokre dagar før tømming, slik at slamavskiljaren er tilgjengeleg.

Os kommune tar eit gebyr for å tømme private slamavskiljarar/septiktankar.

Skal du montere slamavskiljar?

Før du monterer eit minireinseanlegg eller privat slamavskiljar/septiktank, må du først få utsleppsløyve i samsvar med denne forskrifta. (PDF, 58 kB)
​​​​​​​Røyrleggarmelding må òg vere godkjent før arbeidet startar opp.

  • Kravet til slamavskiljar for heilårsbustader er 4 m3 med tre kammer og avrenning til sjø. Tømming skjer annankvart år.
  • Krav til slamavskiljar for fritidsbustader er 2 m3 med to kammer og avrenning til sjø. Tømming skjer kvart fjerde år.

Septik24 utfører tømming på vegne av Os kommune. Du kan kontakte dei på telefon 57 78 11 70 eller e-post slovag@norva24.no

Kontakt

Septik24
Tømming av slamavskiljarar/septik
Telefon: 57 78 11 70