Vassmålar

Storleiken på bustaden din avgjer kor mykje du må betala i vass- og kloakkgebyr.
Bur du til dømes åleine i ein stor bustad, eller brukar svært lite vatn, kan det løna seg å installera ein vassmålar på vassinntaket ditt. Med ein vassmålar betaler du gebyr basert på mengda vatn du brukar, ikkje storleiken på bustaden. Dersom det bur to eller fleire i ein bustad, er vassmålar sjeldan lønsamt.

Frå og med 1. januar 2016 skal alle nybygg installere vassmålar og betale vassgebyr etter målt forbruk. Dette gjeld alle nybygg som får godkjent røyrleggjarmelding etter 1. januar 2016, både bustader, industribygg og fritidsbustader. 

Registrering av ny vassmålar

Os kommune betaler for sjølve vassmålaren, medan du må betala for installasjonen.
Ein godkjent røyrleggjar må utføra arbeidet, fylla ut registreringsskjemaet for installasjon av vassmålar og senda det til Os kommune.

Når registreringa er godkjent, vil vi kunna endra grunnlag for utrekning av vassgebyr.

Faktura for kommunale gebyr (vassgebyr) til deg som har vassmålar

Dersom du har vassmålar, vert du fakturert akonto. Det vil seie at vi sender deg faktura for eit stipulert forbruk. På slutten av året sender du oss målarstanden på vassmålaren, og vi samanliknar det reelle forbruket mot beløpet du har betalt. Dersom du har betalt for mykje i høve til forbruket, får du tilbakebetalt. Dersom du har betalt for lite, må du betale inn meir.

Dersom du nettopp har installert vassmålar, vert akonto-beløpet stipulert på bakgrunn av areal, sidan vi ikkje har tidlegare avlesingar å stipulere ut ifrå. Ved avlesing på slutten av året, vil forbruket bli grunnlag for neste års akonto-utrekning.
Her kan du sjå oversikt over dei ulike gebyrsatsane og ofte stilte spørsmål om kommunale gebyr.

Til røyrleggjarar

  • Installasjon skal skje i samsvar med Os kommune sin rettleiar for installasjon av vassmålar (PDF, 362 kB).

  • Kommunen sender rekvisisjon for uthenting av vassmålar ved godkjenning av røyrleggjarmelding.

  • Vassmålar hentast i NoRør-butikken. Konsoll, tilbakeslagsventil, filter og kranar blir levert av røyrleggjar.

  • Dimensjonane ¾” – 1” – 1 ½” vil normalt ligga på lager. Andre dimensjonar må bestillast seinast to dagar før henting.

  • Skjema for registrering av vassmålar (PDF, 30 kB) må sendast til postmottak@os-ho.kommune.no etter montering, som vedlegg til ferdigmelding.

Publisert av Ragnhild Stende Bjaadal. Sist endra 29.02.2016 13:01

Kontakt

Marianne Røtnes Kramer
Marianne Røtnes Kramer
$(TITTEL)
Telefon: 56 57 53 20
Mobil: 920 93 504