Klokkargarden blir blindveg

klokkargarden-blindveg-040417 - Klikk for stort bileteklokkargarden-blindveg-040417 Etter å ha henta uttale frå Statens vegvesen og Vest politidistrikt har Os kommune i midten av februar fatta vedtak om å stenga Klokkargarden med bom.

Vegen blir stengt ved Osstølen, noko som betyr at dei som skal til Osstølen eller Sveo med bil må ta av Byvegen ved Rema Kuven stasjon.

Dei som skal til Klokkargarden køyrer opp ved Jordmorsvingen eller Giskavollen.

Skilt og bom er på plass, og den kommunale vegen (kv1045) Klokkargarden blir blindveg frå og med tysdag 4. april.

Vegen blir naturlegvis open for gåande og syklande.