Vegvedlikehald

Kommunen har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale vegar.

Statens vegvesen har ansvar for fylkesvegar og riksvegar.

Her kan du sjølv sjekke kven som har ansvar for vegen

Kommunen har ansvar for å vedlikehalde køyrebane, sideområde, skråningar og dreneringssystem.

Oppgåver

  • Feiing og reinhald
  • Fjerning av boss
  • Legging av nytt vegdekke
  • Rydding av vegetasjon
  • Rydding i soner med kraftleidningar
  • Vegoppmerking og skilting
  • Brøyting og strøing

Rydding av vegetasjon

Sikt og framkome må vere godt langs vegar, gater og fortau. Dersom eigedomen din grensar mot fortau eller veg, er det ditt ansvar å rydde vegetasjon som veks ut mot fortauet eller vegen.
Grunneigarar som ikkje følgjer opp ansvaret sitt, vil motta varsel om at vegetasjon som veks inn over vegen må fjernast av grunneigar innan tre veker. Dersom grunneigar ikkje sjølv ser til at arbeidet blir utført, vil det bli utført av Os kommune ved hjelp av mekanisk reiskap.

Her finn du meir informasjon om lovar, reglar og grunneigars ansvar (PDF, 2 MB)

Vegdekke på kommunale vegar

Desse kommunale vegane i Os vil få nytt asfaltdekke i 2015/2016. (PDF, 88 kB) Oversikta vert fortløpande oppdatert.

Kontakt

Agnete Haugland
Agnete Haugland
Leiar for samferdsel
Telefon: 56 57 53 07
Mobil: 952 31 442